tirsdag

For første gong sia den dagen kunne merka ho følelsen av frykt bre seg i kropp og sinn. På eit vis var det godt. Ho kjende seg meir levande slik, liksom ho endeleg kunne kjenne seg sjølv igjen, kjenne varmekablane gjennom både golvpanelet og




 raggsokkane 
ho hadde tatt på seg
denne kalde vinternatta.




Senga var kald, den var ikkje trygg lenger, ho vert alt for STOR! Natta var mørk og full av skuggar og ho var sikker på det satt eit monster inne i kjoleskapet. 
Ved sia av senga låg det ei tjukk bok full 
av historier man kan flykte inn i, ho leste 
rundt 50 sider før ho ga opp. 

Den berbare datamaskinen hadde ei flunkande
ny speleliste som liksom skulle skape gode tankar
og smil om munnen. Ho høyrde ein av songane heilt ut,
dei andre fekk ikkje spele i meir enn eit halvt minutt
- toppen. 

Vonde tankar og mareritt.

Augo var ikkje tunge, ho satt i senga og kjende korleis mareritta angreip ho. Slikt burde ikkje vore lov! HO VAR HEILT VAKEN FOR FAEN! Kunne ho ikkje får vere aleine då eingong? Det nytta ikkje, ho kunne ikkje rømme –kvar skulle ho gjere av seg?

Ho sto opp, tok på seg vinterkåpa og gikk ut. 
Det var godt å kjenne den kalde nattelufta, trekke pusten dypt inn og endeleg klare å puste igjen. Ho gikk litt bortover gata, langt inne i draumane sine. Vinden blåste rett gjennom pysjbuksa hennar. Ho visste godt kor ho helst skulle vore no. Ho ønska seg inn i trygge varme armar, ho ønska at desse armane klemde ho ordentleg, men ikkje så hardt at ho kjende seg kvelt, bare kjærleg –slik som så mange gonger.


”berre synd du driv og dyttar armane frå deg då.” sa ein refleksjon av ho sjølv i frå eit mørkt bilglas. Årh, ho hata når ho visste ho hadde rett om at ho gjorde feil, men likevel gjorde ho feil, berre for å bevisa for seg sjølv at ho hadde rett. Ho skulle ønske nokon forsto kva ho trengde, ordentleg, utan at ho behøvde sei det høgt.
”Om du berre forsto ein smule av det.” sa ho til seg sjølv. ”om berre nokon kunne forstå noko av det”. No var ho så kald at det stakk når pysjbuksa kom borti låret hennar. Ho gikk tilbake, inn i det varme huset, inn den mjuke og store senga. Nok ein søvnlaus natt, nok ein lang dag i morgon.





Om berre natta ikkje var
så lang
om berre tida kunne 
gå litt raskare




"Om berre du itt nærmare og eg litt mindre redd."

2 kommentarer:

  1. sannsynligvis det lengste innlegget ditt ever nesten :P og skrev du dette litt sent kjære deg? Ikke din beste nynorsk om jeg får være så ærlig, hehe

    - still, I think you should write a book or something....

    SvarSlett
  2. haha!

    - i totaly agree Emma!

    SvarSlett